(8. august: Med kløvhest)
Eg er vant
til å bera
tungt,
å planlegge lasta
ut frå terreng
og avstand.
Blikket festar eg
på neste skritt
og kalenderside:
behandling, prøver
og svar.
Her går eg
med heva hovud
i eit hol i tida
og nynnar og drøftar
fenomenologien og sjukdomen
sitt vesen
med meg sjølv
og hesten som følger
i fotefaret mitt
og ber meir
enn eg maktar.
Med blikket
følger eg rypefalken
som stiller over eit musebol
i Krakavadmyrane.
Nett no er eg ikkje
mitt eige dyr.
Kort rast på Skrovet: Reidar og Bjørkestjerna |
Eg er vant
til å bera
tungt,
å planlegge lasta
ut frå terreng
og avstand.
Blikket festar eg
på neste skritt
og kalenderside:
behandling, prøver
og svar.
Her går eg
med heva hovud
i eit hol i tida
og nynnar og drøftar
fenomenologien og sjukdomen
sitt vesen
med meg sjølv
og hesten som følger
i fotefaret mitt
og ber meir
enn eg maktar.
Med blikket
følger eg rypefalken
som stiller over eit musebol
i Krakavadmyrane.
Nett no er eg ikkje
mitt eige dyr.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar