Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





mandag 27. august 2012

127

(27. august: Dagane som blir borte)



















Eg ber sand
i hendene, dagane glir
mellom fingrane,
eg veit ikkje kor mange
eg har att, er redd
for å miste balansen
eller bli skumpa til
og hendene har så mykje
dei skulle ha gjort.

Eg legg dei varsamt frå meg
for å stryke deg over håret,
halde deg i handa eller bera
det tyngste du slit med
eit lite stykke av vegen.

Så får det så vera
om noko blir liggande att
når eg skal samle
dei saman.

Dei er så lette
å bera, dagane, så lette
at dei er tyngre
enn noka bør.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar