(25. august: Svevefuglar og flygefiskar)
Da du let orda henge
i lause lufta,
datt dei til marka
det hjelpte ikkje
at du gret, at du sette
grønne og raude fjør
i enden på dei
og slo dei til vers
som badmintonballar
svevefuglar og flygefiskar
blei dei ikkje,
men sokk i tårene dine
og blei liggande på havsens botn
som forskrudde konkylier
som song
om draumen
om svevefuglar og flygefiskar
da dei blei skylla opp på land
og lagt inn til eit øre
som ikkje forstod
eitt ord.
Da du let orda henge
i lause lufta,
datt dei til marka
det hjelpte ikkje
at du gret, at du sette
grønne og raude fjør
i enden på dei
og slo dei til vers
som badmintonballar
svevefuglar og flygefiskar
blei dei ikkje,
men sokk i tårene dine
og blei liggande på havsens botn
som forskrudde konkylier
som song
om draumen
om svevefuglar og flygefiskar
da dei blei skylla opp på land
og lagt inn til eit øre
som ikkje forstod
eitt ord.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar