(12. august: Sporlaus)
Han som går utanom
veg og sti
må kunne lesa terrenget
og kodespråket
til vegetasjonen
for å finn den beste
kursen, ikkje den kortaste,
ikkje den raskaste,
men den som leider vandraren
til målet med krefter att
til neste etappe.
Sjølv i opne fjellet
legg den sølvgrønne vieren
feller for fot
og dei lysegrønne halla
er tung av myr
og væte, dei grå flekkane
er anten røys eller leire
og berre dei gulbrune
tørrrantane ber meg lett
utan å svikte
under foten.
Har eg valt rett lei
syner det ikkje
eit einaste far
etter meg.
Mann og hest på Krakavadmyran |
Han som går utanom
veg og sti
må kunne lesa terrenget
og kodespråket
til vegetasjonen
for å finn den beste
kursen, ikkje den kortaste,
ikkje den raskaste,
men den som leider vandraren
til målet med krefter att
til neste etappe.
Sjølv i opne fjellet
legg den sølvgrønne vieren
feller for fot
og dei lysegrønne halla
er tung av myr
og væte, dei grå flekkane
er anten røys eller leire
og berre dei gulbrune
tørrrantane ber meg lett
utan å svikte
under foten.
Har eg valt rett lei
syner det ikkje
eit einaste far
etter meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar