(21. august: Sommaren 2012)
Den demente sommaren
kom stavrande
lenge etter
etter at han skulle vori her,
varmar lufta
så mykje han maktar
i løpet av dagen,
men må tidleg
til sengs.
Nettene
er kalde.
Han frys på leiet
av visnande strå.
Dette er ikkje
nokon blivande stad,
murrar han,
og hastar sørover att.
Den demente sommaren
kom stavrande
lenge etter
etter at han skulle vori her,
varmar lufta
så mykje han maktar
i løpet av dagen,
men må tidleg
til sengs.
Nettene
er kalde.
Han frys på leiet
av visnande strå.
Dette er ikkje
nokon blivande stad,
murrar han,
og hastar sørover att.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar