(16. august: Triptykon)
Kall meg: O. Ringen,
byrjinga og slutten.
Den stadbundne vagabonden.
Eg har gjennomtrekk
i sjela, men sansar alt
som bles og flyg
gjennom meg.
Kall meg: Null. Halvparten
av den digitale koden, i beit
for ein strek i rekninga
som får harddisken mitt til å fungere
i logisk påfølgande sekvensar.
Eg ventar på å bli noko meir
enn meg sjølv
og summen av to.
Kall meg: OG. Bindeleddet
mellom likeverdige ting.
Den sideordnande konjunksjonen
som balanserer vektskålene
fortid og framtid i sann tid
med ansvaret for at alle får sitt.
Kall meg: Kva du vil.
Eg kjenner ikkje den karen
godt nok til å forståkven eg var
og vita kven eg skal bli.
Til det har eg gått for mykje i ring,
hatt ansvar for for mange
og dei vilkårlege gjerningane mine
er berre dårskap og einsemd.
Salvador Dali |
Kall meg: O. Ringen,
byrjinga og slutten.
Den stadbundne vagabonden.
Eg har gjennomtrekk
i sjela, men sansar alt
som bles og flyg
gjennom meg.
Kall meg: Null. Halvparten
av den digitale koden, i beit
for ein strek i rekninga
som får harddisken mitt til å fungere
i logisk påfølgande sekvensar.
Eg ventar på å bli noko meir
enn meg sjølv
og summen av to.
Kall meg: OG. Bindeleddet
mellom likeverdige ting.
Den sideordnande konjunksjonen
som balanserer vektskålene
fortid og framtid i sann tid
med ansvaret for at alle får sitt.
Kall meg: Kva du vil.
Eg kjenner ikkje den karen
godt nok til å forståkven eg var
og vita kven eg skal bli.
Til det har eg gått for mykje i ring,
hatt ansvar for for mange
og dei vilkårlege gjerningane mine
er berre dårskap og einsemd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar