(30. august: Forgjengeleg)
Da prestene ga meg vann, visste jeg at verden bare er en
Da prestene ga meg vann, visste jeg at verden bare er en
svært kort brygge,og at man ikke må frykte dypet under.
Sasja Stanisic: Hvordan soldaten reparerer grammofonen
Epålettar av haustlauv
på skuldrene:
eg er generalen
av forfallet,
av det som rotnar,
skrumpar og tørkar inn,
utan marg og kjerne,
berre daud kalk eller cellulose
av det som rotnar,
skrumpar og tørkar inn,
utan marg og kjerne,
berre daud kalk eller cellulose
eg er herostratisk berømt
for tapperheit og dårskap
når eg leiar troppane mine
i sjølmordsåtak
på tida, troppane mine,
dei tørre stråa
som grin med regnet,
gnukkar mot vinddraget
gnukkar mot vinddraget
og haltar til knirkande tonar,
dei klirrande beingrindene
og knasande ryggskjolda som kvesar:
og knasande ryggskjolda som kvesar:
ein gong, ein vår
marsjerte vi side ved side
i tette kolonner
fram gjennom landskapet,
bortover glennene, erobra
all fruktbar mark,
åt alt som kunne etast
åt alt som kunne etast
no går eg utan hæren min
gjennom skogen
og lar regnet klistre
det visne lauvet fast til meg
mens vinden drysser det over livet,
det visne lauvet fast til meg
mens vinden drysser det over livet,
over tida. Det forpliktar
å vera høgt dekorert
av forfallet, forgjeves
kjempar eg
for alt det forgjengelege.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar