(15. august: Draumen om den største ørreten)
Den største ørreten
finnest der ute
i det grunne fjellvatnet
i time etter time
prøver eg å lokke han,
lure han
til å bite på sluken
eller oterfluene eller gå
i garnet eg set for natta
men enno
har eg ikkje fått han,
den største
berre dei små,
halvstore og store, enno
har eg draumen
å glede meg over
at han går der ute og ventar
på meg
til neste sommar, at endeleg...
dei små går i panna, dei halvstore
og store saltar eg på
for å legge til rak
seks uker før jul.
Men draumen om den største
ørreten
blir aldri fortært
av kvardagen.
Den største ørreten
finnest der ute
i det grunne fjellvatnet
i time etter time
prøver eg å lokke han,
lure han
til å bite på sluken
eller oterfluene eller gå
i garnet eg set for natta
men enno
har eg ikkje fått han,
den største
berre dei små,
halvstore og store, enno
har eg draumen
å glede meg over
at han går der ute og ventar
på meg
til neste sommar, at endeleg...
dei små går i panna, dei halvstore
og store saltar eg på
for å legge til rak
seks uker før jul.
Men draumen om den største
ørreten
blir aldri fortært
av kvardagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar