Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 22. august 2012

132

(22. august: Askeladd)


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Eg har gått i mange gater,
eg har gått frå kryss til kryss,
eg har samla mangt på vegen,
frå ei krone til eit kyss.
Med ei heil prinsesse følgde halve kongeriker med,
men ein Askeladd treng meir enn det.
 
Eg har klatra mange åsar,
eg har kryssa elv og fjell
heilt frå Soria til Moria,
øst for morgon, vest for kveld.
Eg har samla jomfruhinner, vunni alle damers gunst,
men blei aldri lykkelig av brunst.
 
Askeladd, Askeladd, kva var det du fann?
Eg fann ein ivrig gutt, men ingen mann.

 
Eg har gjømt meg bakom dører,
hoggi hovudet av svin,
prøvd dei fleste styrkemiddel
i frå dop til brød og vin,
men prinsessa som eg berga, ho var slettes ingen gud,
berre gule bein bak skinn og hud.

 
Askeladd, Askeladd, kva var det du fann?
Eg fann ein ivrig gutt, men ingen mann.
Askeladd, Askeladd…
Eg fann ein bitter konge, utan land.

 
Eg sit gjerne svart i grua,
eg kan gi bort alt eg har,
etter festen i palasset
tar eg staven min og drar
med mi undring og mitt jubelrop: Eg fann, eg fann, eg fann
stien fram til neste himmelrand.

 
Askeladd, Askeladd, kva var det du fann?
Eg fann ein ivrig gutt, men ingen mann.
Askeladd, Askeladd…
Eg fann ein bitter konge, utan land.
Askeladd, Askeladd…
Eg fann ein sti til neste himmelrand.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar