(18. august: Ny diagnose)
Kven støkk mest:
fuglen på nattekvist
eller eg som går
i mine eigne tankar
om kva som skal skje no,
etter dei nye prøvene
i det han brasar opp
slår hjartet mitt
nokre raske, livredde
vengeslag
før det går opp for meg
at det som flyktar
ikkje er farleg
men det som trykker
i seinsommarnatta
veit eg ingenting om.
Eg går vidare
inn i halvmørkret,
har ikkje anna val.
Kven støkk mest:
fuglen på nattekvist
eller eg som går
i mine eigne tankar
om kva som skal skje no,
etter dei nye prøvene
i det han brasar opp
slår hjartet mitt
nokre raske, livredde
vengeslag
før det går opp for meg
at det som flyktar
ikkje er farleg
men det som trykker
i seinsommarnatta
veit eg ingenting om.
Eg går vidare
inn i halvmørkret,
har ikkje anna val.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar