(23. august: Eg får ikkje skikkeleg tak på skyggen min)
Kvifor forlet du meg, bror?
På veg inn i lyset
seinkar du stega og legg deg
lengre og lengre bak meg
som om du ønsker å vera
den siste rota
som bind meg til jorda
men når eg er komen velberga
gjennom lyset,
spring du på lydlause føtter
framom meg, mørkret til møtes
for å fortelle
eg treng ikkje frykte.
Ein augneblink
er vi den same, bror:
midt i lyset og midt
i mørkret.
Kvifor forlet du meg, bror?
På veg inn i lyset
seinkar du stega og legg deg
lengre og lengre bak meg
som om du ønsker å vera
den siste rota
som bind meg til jorda
men når eg er komen velberga
gjennom lyset,
spring du på lydlause føtter
framom meg, mørkret til møtes
for å fortelle
eg treng ikkje frykte.
Ein augneblink
er vi den same, bror:
midt i lyset og midt
i mørkret.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar