Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





søndag 12. august 2012

144

(10. august: Som meg)
Himmel og flyttblokker på Bjornestangen


















Eg kjenner denne kursen
utan kart og kompass,
eg går etter høgdene og nutane
og kryssar myrene
og dei T-merka slepene
med vandrarar på veg
til og frå dei varme hyttene
i fjellet.

Eg slår opp teltet
utanfor rekkevidde
for andre enn einstøingar
og dei forsinka tankane
som aldri når fram tidsnok
i kvardagen, men kjem tuslande
etter meg hit
fordi dei veit
dei kan finne meg
aleine.

Aleine med fjellet
har eg berre meg sjølv
å stole på,
mine eigne førebuingar
og min eigen dugleik
i å overleva
som meg.

Han som aldri
lengtar etter andre menneske
skal gå ei veke i fjellet
utan å møte andre
for å lære seg
kor liten han er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar