(3. april: Frostnatt i april)
Eg har legi i dokk
og gjømt meg for fjellvåk, for nordlys
og vind. I fjellranda
venta eg så lenge
på vår
at skaren fraus til
over meg.
Eg har siti i glasshus
og pukka steinen til sand
for å sikre meg
mot eit sanselaust innfall.
Speilbildet du ser i ruta
er ikkje meg.
Eg skulle så gjerne
ha rørt ved deg,
men etter ei frostnatt i april
må eg halde hjartet mitt
gjømt i hendene
så det ikkje frys i stykke
eller knuses.
Eg har legi i dokk
og gjømt meg for fjellvåk, for nordlys
og vind. I fjellranda
venta eg så lenge
på vår
at skaren fraus til
over meg.
Eg har siti i glasshus
og pukka steinen til sand
for å sikre meg
mot eit sanselaust innfall.
Speilbildet du ser i ruta
er ikkje meg.
Eg skulle så gjerne
ha rørt ved deg,
men etter ei frostnatt i april
må eg halde hjartet mitt
gjømt i hendene
så det ikkje frys i stykke
eller knuses.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar