(25. april: Nåde)
Nåde? hørte eg ofte
ein stemme ovanfrå
spørre i skolegården.
Og ofte måtte eg krype
i søla fram til korset
og be
om nåde.
Men av og til
trassa eg tårene, beit
tennene saman om nederlaget
og slåst mot overmakta
til ein lærar eller den sterke
kompisen kom meg til unnsetning
og redda meg frå underkastinga,
men ikkje skamma.
Etterpå
leita eg etter ein veikare
eg kunne gruse
for å tilby nåden min.
No
finn eg ingen
veikare.
Nåde? hørte eg ofte
ein stemme ovanfrå
spørre i skolegården.
Og ofte måtte eg krype
i søla fram til korset
og be
om nåde.
Men av og til
trassa eg tårene, beit
tennene saman om nederlaget
og slåst mot overmakta
til ein lærar eller den sterke
kompisen kom meg til unnsetning
og redda meg frå underkastinga,
men ikkje skamma.
Etterpå
leita eg etter ein veikare
eg kunne gruse
for å tilby nåden min.
No
finn eg ingen
veikare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar