(17. april: Dagen etter)
Dei står midt i straumen
og sluker tida
som om dei ikkje kan få nok av den.
Dei har så vidt begynt
på livet men lever det
som om det snart tar slutt.
Vi står ved sildrebekkane.
Dei innskrumpa skrottane våre,
er i ferd med å renne tomme
for tid, men vi bryr oss knapt om
å slukke tørsten og fuktar leppene
med ein eddiksvamp.
Dei er dei unge,
dei hadde tida heilt til den
vart tatt frå dei.
I går stilte dei tidstjuven
for retten, og vi skal dømme han,
vi som har latt tida vår
drive forbi og søkke til botn.
Det er ikkje vi
som skal dømme.
Dei står midt i straumen
og sluker tida
som om dei ikkje kan få nok av den.
Dei har så vidt begynt
på livet men lever det
som om det snart tar slutt.
Vi står ved sildrebekkane.
Dei innskrumpa skrottane våre,
er i ferd med å renne tomme
for tid, men vi bryr oss knapt om
å slukke tørsten og fuktar leppene
med ein eddiksvamp.
Dei er dei unge,
dei hadde tida heilt til den
vart tatt frå dei.
I går stilte dei tidstjuven
for retten, og vi skal dømme han,
vi som har latt tida vår
drive forbi og søkke til botn.
Det er ikkje vi
som skal dømme.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar