(Fredag 13. april: Raudlista art)
Det er ulykkesdagen,
ikkje før har Jesus stått opp att
før den nest verste fredagen
av alle fredagar
trugar oss med alle farane
som verda har å by på.
Vi trur
på Snåsakallen og englar,
men fryktar ikkje svarte kattar eller stigar.
Vi engstar oss
for mislykka kopling
til det trådlause nettverket
og nye datavirus.
Vi passar ikkje på
å dekke til fjorten ved bordet,
for vi er aldri
så mange saman.
Det må vera eit paradoks
at folk før i tida
frykta fysisk skade og smerte
mens vi fryktar brudd
i den virtuelle kontakten
med menneskja.
Vi går til aksjon
for å berge bortgjømte forekomstar
av ulvelav frå utrydding,
men bryr oss ikkje om
at den verkelege kontakten
er ein raudlista art.
Det er ulykkesdagen,
ikkje før har Jesus stått opp att
før den nest verste fredagen
av alle fredagar
trugar oss med alle farane
som verda har å by på.
Vi trur
på Snåsakallen og englar,
men fryktar ikkje svarte kattar eller stigar.
Vi engstar oss
for mislykka kopling
til det trådlause nettverket
og nye datavirus.
Vi passar ikkje på
å dekke til fjorten ved bordet,
for vi er aldri
så mange saman.
Det må vera eit paradoks
at folk før i tida
frykta fysisk skade og smerte
mens vi fryktar brudd
i den virtuelle kontakten
med menneskja.
Vi går til aksjon
for å berge bortgjømte forekomstar
av ulvelav frå utrydding,
men bryr oss ikkje om
at den verkelege kontakten
er ein raudlista art.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar