(9. april: Diagnose)
Eg vaknar i grålysinga,
ser på kalenderen
og veit at idag
har fienden invadert terrenget
i ly av aprilveret
mens vi trudde på våren.
Vi vel alltid å tru
det beste, men røynda
spør ikkje etter filantropar,
spør berre:
kva for side
tar du?
Frå no av
finst det ikkje nyansar
berre svart og/
eller kvitt.
Eg vaknar i grålysinga,
ser på kalenderen
og veit at idag
har fienden invadert terrenget
i ly av aprilveret
mens vi trudde på våren.
Vi vel alltid å tru
det beste, men røynda
spør ikkje etter filantropar,
spør berre:
kva for side
tar du?
Frå no av
finst det ikkje nyansar
berre svart og/
eller kvitt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar