(18. april: Eg trekker garn saman med Sharif)
Hendene brenner
etterpå
etter at dei har feia
aprilsnøen av tofta,
garna er trekte
og ørreten er sløya.
Hjarta brenner
etterpå
etter flukta frå krig
og forfølging
i ein fjorten fots båt
over Marmarahavet.
Hjarta og hendene
brenner etterpå
når vi snakkar saman
om det vi har gjort.
Hendene brenner
etterpå
etter at dei har feia
aprilsnøen av tofta,
garna er trekte
og ørreten er sløya.
Hjarta brenner
etterpå
etter flukta frå krig
og forfølging
i ein fjorten fots båt
over Marmarahavet.
Hjarta og hendene
brenner etterpå
når vi snakkar saman
om det vi har gjort.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar