(15.april: Titanic - hundre år etter)
I natt gjekk Titanic ned,
men vi heldt oss flytande
i lystig lag med gode vener.
Det var ikkje den bratte baugen
som senka det synkefrie skipet,
men optiske illusjonar
og den blaute buken.
Vi har langt att å segle
men har erfart at leia
har sine optiske illusjonar
lungelegen i utkikken på brua
som ikkje såg dei mange, små cystene
og har gitt kapteinen ein stri tørn
med å manøvrere i ureint farvatn
men vi kan ikkje gjøre anna
enn å leva så frimodig som råd
og kontinuerlig bemanne
lensepumpene i rommet.
I natt gjekk Titanic ned,
men vi heldt oss flytande
i lystig lag med gode vener.
Det var ikkje den bratte baugen
som senka det synkefrie skipet,
men optiske illusjonar
og den blaute buken.
Vi har langt att å segle
men har erfart at leia
har sine optiske illusjonar
lungelegen i utkikken på brua
som ikkje såg dei mange, små cystene
og har gitt kapteinen ein stri tørn
med å manøvrere i ureint farvatn
men vi kan ikkje gjøre anna
enn å leva så frimodig som råd
og kontinuerlig bemanne
lensepumpene i rommet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar