(4. april: Liv i leiren)
Endeleg er det liv
i dei tomme romma.
Eg vaknar
til ein syngande stemme
og ein hund som vil ut
for å leike.
Det gjør ingenting
at det er seks minus
og morgonsola hutrar.
Det er snerk på fjorden
og oppe i høgda
har myrene frosi til
i natt.
Det stålblanke tjernet lokkar
med glitrande perler
og innfrosne vassplantar
så farfar plumpar
gjennom isen og må tørke
beina ved bålet.
Det er liv
i leiren, arbeidsbrigaden
klipper hekk, legg om til sommardekk,
set båten på fjorden
og startar påhengsmotoren
på fjerde draget.
Det finst ingen tomme
rom no.
Endeleg er det liv
i dei tomme romma.
Eg vaknar
til ein syngande stemme
og ein hund som vil ut
for å leike.
Det gjør ingenting
at det er seks minus
og morgonsola hutrar.
Det er snerk på fjorden
og oppe i høgda
har myrene frosi til
i natt.
Det stålblanke tjernet lokkar
med glitrande perler
og innfrosne vassplantar
så farfar plumpar
gjennom isen og må tørke
beina ved bålet.
Det er liv
i leiren, arbeidsbrigaden
klipper hekk, legg om til sommardekk,
set båten på fjorden
og startar påhengsmotoren
på fjerde draget.
Det finst ingen tomme
rom no.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar