(30. april: Hovudpine)
Av og til
blir hovudet for lite
for tankane
dei bankar og bankar
for å sleppe ut
men alle sansane
slår innover
hørsel syn og varheita
i fingertuppane
samlar på alt
pressar det saman
men det finst ikkje ei katteluke
i hjernen som slår
begge vegar
hald fred hald fred
der inne
for snart går fleire tankar
i fella så de får dele
på den vesle plassen
som finst.
Av og til
blir hovudet for lite
for tankane
dei bankar og bankar
for å sleppe ut
men alle sansane
slår innover
hørsel syn og varheita
i fingertuppane
samlar på alt
pressar det saman
men det finst ikkje ei katteluke
i hjernen som slår
begge vegar
hald fred hald fred
der inne
for snart går fleire tankar
i fella så de får dele
på den vesle plassen
som finst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar