(14. april: Etter morgonturen)
Eg har skogen på skinnet,
havet i hovudet,
berget i bringa.
Eg kjenner flettverket av bar
og kvist røre og rispe meg,
auga mine held underlaget beint
med horisonten sine gyroar
mens berget held ryggen rett
når livet buttar.
Eg har gått så mykje
i gammalskog, fjellbjørkekjerr, klunger og kratt,
eg har rodd og kjørt frå øy til øy
i fjordar og sund, på ope hav,
eg har vandra trelause vidder
til kroppen verka og klatra
i stup og skorter til fingertuppane vart såre
og eg veit at å kjenne seg i eitt med naturen
er ein romantisk ide.
Realisten i meg kan berre beklage,
det er faktisk slik eg kjenner det.
Morgonlandskapet mitt: Norefjorden & Eidsfjell |
Eg har skogen på skinnet,
havet i hovudet,
berget i bringa.
Eg kjenner flettverket av bar
og kvist røre og rispe meg,
auga mine held underlaget beint
med horisonten sine gyroar
mens berget held ryggen rett
når livet buttar.
Eg har gått så mykje
i gammalskog, fjellbjørkekjerr, klunger og kratt,
eg har rodd og kjørt frå øy til øy
i fjordar og sund, på ope hav,
eg har vandra trelause vidder
til kroppen verka og klatra
i stup og skorter til fingertuppane vart såre
og eg veit at å kjenne seg i eitt med naturen
er ein romantisk ide.
Realisten i meg kan berre beklage,
det er faktisk slik eg kjenner det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar