(22. april: Feilvare)
Eg trudde det var ein sprekk
i speilet,
men det er eg
som held på revne
og rakne.
Eg rømmer unna
for å få fred
frå meg sjøl
og livet mitt, men same kva
eg fyller meg med
lek det frå sprekken
i godset
eg er støypt av.
Eg skal ikkje skylde
på forma eller råstoffet,
men ein eller annan stad
i prosessen
vart eg til feilvare,
toler ikkje lang tid
med uvøren bruk.
Eg trudde det var ein sprekk
i speilet,
men det er eg
som held på revne
og rakne.
Eg rømmer unna
for å få fred
frå meg sjøl
og livet mitt, men same kva
eg fyller meg med
lek det frå sprekken
i godset
eg er støypt av.
Eg skal ikkje skylde
på forma eller råstoffet,
men ein eller annan stad
i prosessen
vart eg til feilvare,
toler ikkje lang tid
med uvøren bruk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar