(29. april: Hakkespett-tromme)
Hjartet mitt er ei tromme
for hakkespettar som øver
på kommunikasjonens kunst
i tilfelle straumbrot
sender interne meldingar i kode
og plystrar skjerande
med alpelua på snei
om eg består prøven,
om eg er frisk i hjartet,
får eg kan hende lov til å vera
ei slik hakkespett-tromme
om eg har biller under barken
og er mjuk i margen,
hakkar dei seg inn,
holar dei meg ut
til reirplass
for nytt liv.
Hjartet mitt er ei tromme
for hakkespettar som øver
på kommunikasjonens kunst
i tilfelle straumbrot
sender interne meldingar i kode
og plystrar skjerande
med alpelua på snei
om eg består prøven,
om eg er frisk i hjartet,
får eg kan hende lov til å vera
ei slik hakkespett-tromme
om eg har biller under barken
og er mjuk i margen,
hakkar dei seg inn,
holar dei meg ut
til reirplass
for nytt liv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar