(6. april: Rotfeste)
Vi lever på karrig
grunn, på aur og sand
og morenerygger
vi famlar oss fram
bortover terrenget med krypstenglar
for å finne feste
i feitare mold.
I forgårs trilla eg utover
eit lastebillass med jord
for å skape
ein frodig hage.
I dag snør det
store flak som dekkar
heile hagen. I dag
ville faren min fylt nitti år
men visna bort
av den sjukdommen
som får kjærasten min
til å sitte stille i stolen
og vente på at livet
skal få rotfeste.
Vi lever på karrig
grunn, på aur og sand
og morenerygger
vi famlar oss fram
bortover terrenget med krypstenglar
for å finne feste
i feitare mold.
I forgårs trilla eg utover
eit lastebillass med jord
for å skape
ein frodig hage.
I dag snør det
store flak som dekkar
heile hagen. I dag
ville faren min fylt nitti år
men visna bort
av den sjukdommen
som får kjærasten min
til å sitte stille i stolen
og vente på at livet
skal få rotfeste.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar