Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 4. april 2012

271

(5. april: Nøkkelen på innsida)

Rop ber lang over vatn.
I eit rom i eit liv
slår det tilbake
frå veggar
av speil.

Nøkkelen sit i på innsida.

Det tetnar til.
Ropa snurpar rommet saman
med tette sting og dreg veggane
innover mot kvarandre.

Nøkkelen sit i på innsida.

Utanfor høyrest berre mummel
frå dei underjordiske.
Roparen i glasset
les på sine eigne lepper
det ho skulle ha sagt

men det slår tilbake, tilbake
tilbake
om berre ein høg nok tone,
om berre eitt risp
i all denne fortvilte tagnaden.

Nøkkelen sit i på innsida.

Det er eit glasskule-rom
i ho.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar