Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





lørdag 28. april 2012

248

(28. april: Rullesteinen bekjenner for bårene)



















Eg snudde meg rundt
og møtte meg sjølv,
eg snudde meg atter rundt
og møtte, i same sekund,
dei same auge,
den same munn,
eg snudde meg rundt
enno ein gong og møtte
meg sjølv og meg sjølv
og meg sjølv
og no veit eg for visst:
eg er rund!

Dei snakkar så lett
om dei store ting
som pyntar på makta sitt bord.
Dei glitrande, velforma ord,
trillande runde,
gjør mannen stor
mellom dei store, dei speilar
han sjølv og han sjølv
og han sjølv
der han mumlar
i rullesteinskor.

Eg snudde meg rundt,
gjorde framme til bak
og snudde så baksida fram
og fann ingen skilnad,
no veit eg til sist
at framme og bak
er same sider
av same sak.

2 kommentarer:

  1. Takk. Diktet er egentlig en kommentar til klimameldinga. Jeg tror den blir et spill for galleriet.

    SvarSlett