(5. september: Nattskodde)
Nattskodda over botnen
av den stengte dalen.
Kven pustar så kaldt
i draume?
Drope på drope
som ikkje er regn,
ikkje stigande natthimmel-
straumar.
Vente på ei svak lufting
om morgonen.
Nokon går att
i slike netter, i slike draumar.
Vente på ein vind
nett i det lyset vaknar.
Nattskodda er der for den blinde
og den synske.
Vi andre ser ikkje
våre eigne draumar
når auga ikkje virkar.
Nattskodda over botnen
av den stengte dalen.
Kven pustar så kaldt
i draume?
Drope på drope
som ikkje er regn,
ikkje stigande natthimmel-
straumar.
Vente på ei svak lufting
om morgonen.
Nokon går att
i slike netter, i slike draumar.
Vente på ein vind
nett i det lyset vaknar.
Nattskodda er der for den blinde
og den synske.
Vi andre ser ikkje
våre eigne draumar
når auga ikkje virkar.