Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





Viser innlegg med etiketten strålebehandling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strålebehandling. Vis alle innlegg

tirsdag 23. oktober 2012

70

(23. september: Omkrets)



Haustmorgonen
har ikkje stått opp,
ligg under dyna
og småfrys i trekken
gjennom dalbotnen.

Eg ventar ho heim
frå strålebehandlinga
og set føttene i eit hol
av lommelyktlys
i morgonmørkret.

Eg veit ikkje anna
om denne verda
enn den sirkelen
eg er fanga i.

onsdag 10. oktober 2012

83

(10 oktober: Merkt for livet)

Framstilling av egyptisk religion på papyrus - gave frå mora mi da ho kom frå Egypt.
























Du har merkt deg sjølv
for livet med ankhen,
løkka og T'en,  det heilage
teiknet som nokon seier
symboliserer æva og livet vårt
frå fødsel til død.

No har dei tatovert deg
for livet med strålepunkt
rundt bekkenet,
opphavet til det forgjengelege livet,
for å legge deg inn i tidsmaskina si
og seie: Vi gir deg
meir tid og ei sterkare sol
som trenger inn i deg
og føder deg
enno eit lite liv.

Og du bøyer deg
for medisindoktorane,
men nektar å sleppe trua
på at du skal stå opp att
frå maskina
på trettandagen.