Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





Viser innlegg med etiketten hyperborealis. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hyperborealis. Vis alle innlegg

lørdag 21. juli 2012

163

(22. juli: 22. juli)
Landego ved kveld


















Vi sat i solskinn
på ein veranda med utsikt
mot Lofotveggen
vest i havet.

Det meldes om en eksplosjon
i regjeringskvartalet.

I synsranda låg tindene
og saga smale skår
i himmelen,
rett utafor oss låg Landego,
landit hitt goda, huldrelandet
som steig opp av havet
for å berge den forliste
og gi ly mot stormen.
Og vi sat i solskinn
på ein veranda.

Det skal være avfyrt skudd
på Utøya.

Sola begynte å gå ned
der ute bak huldreheimen,
men eg visste
at så langt nord i Hyperborealis,
lykkelandet, ville berginga
berre vera skjult
til vi trong ho,
til sola fekk vaska havet
ut av auget.

Det meldes om mange
drepte.

Og eg visste
at auga våre
skulle vaske seg
i det same havet.

fredag 8. juni 2012

207

(8. juni: Merkel, Cameron & Stoltenberg)



Allereie dei gamle grekarane
visste at lykkelandet
låg nord for nordavinden,
hyper borealis

det er frå oss
all den kalde vinden bles,
vi gjømmer oss bak
fjell og uver så langt nord
som der sola aldri går ned

der ho alltid skin
på alt og alle
så vi aldri frys, så alle vekster
gror til ei kvar tid,
så livet er utan ulykker
og sjukdom

for kva kan vel ramme oss,
dei lykkelege på øya vår
utafor samkvemet med dei andre,
dei ulykkelege
i eurosonen, underlagt
dei store og mektige

som skuslar med liva deira
som dei vil mens vi
slår olje på opprørt hav
og ser med det eine auget
som er det einaste
det trehoda trollet har.

Når vi er mette av dage,
går vi ut på den klippa
som vender mot den evige sola
og styrtar oss i havet

ellers ville vi komme til
å leve evig,
trudde grekarane.