Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





Viser innlegg med etiketten berrfrost. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten berrfrost. Vis alle innlegg

onsdag 26. desember 2012

6

(26. desember: Nattsida)

 
Ho lever på trass,
feiar avmakta av tankane
som flass, men brått
stig desperasjonen
som ei springflo i hjertet hennar
og renn over, fyller
munn og auge fordi månen
er det einaste lyset
på nattsida av jorda
og dreg gråten til seg.

Det hjelper fint lite
at sola har snudd for ho
lyser berre for sin eigen fot
og det som er til stades
på solsida.

Ho lengtar, ho lengtar,
ho lengtar så inderleg
etter ein sorgfri og smertefri dag,
men det einaste ho har att
er eit nesten usynleg spor
i natterimet
på berrfrosen mark.

tirsdag 11. desember 2012

21

(11. desember: Nåde)

 
Berrfrost og bekkane
kjøver.
Kjeldene tørkar inn.
Det legg seg is
på dammen
der kreftene slumrar.

Tankane botnfell
og hektar seg fast
i gammalt søkketømmer.
Eg er for tynnkledd
til å vera ute og for godt kledd
til å vera inne

men det er ventetid
og eg må ut
for å puste
mens eg ventar på at snøen
skal bre over isen
og seie: Det er kaldt nok

no, eg skal pakke deg inn
så du ikkje frys,
denne vinteren.