(4. desember: H)
Dei svarte granene
sopar himmelen rein
for snø
oi, så blank og fin
han vart med stjerner på
og ein halvferdig måne
sjølv druknar granene nesten
i snø og ventar
på ein vind
som kan koste av dei
det verste.
Eg dreg pusten
heilt ned i magen
for ei stund
mens eg ventar
på det neste lågtrykket.
Dei svarte granene
sopar himmelen rein
for snø
oi, så blank og fin
han vart med stjerner på
og ein halvferdig måne
sjølv druknar granene nesten
i snø og ventar
på ein vind
som kan koste av dei
det verste.
Eg dreg pusten
heilt ned i magen
for ei stund
mens eg ventar
på det neste lågtrykket.
Kaldt og klart er det for tida, og vi klager over kulda. Men det er godt å gå ute under et uendelig rom, puste djupt inn og kjenne på følelsen av å være en ørliten del av heilheta.
SvarSlett