(11. november: Yeti (sesonges første trugetur))
På ei meditasjonsreise
i det indre landskapet mitt
fann eg sporet
etter den avskyelege snømannen
og følgde det til den høgaste toppen
og der, i snøskavlane, stod han,
einsam og lei seg.
Han grein ei tåre
av silkekvit pels,
rakte ho til meg
og sa: Dette
er hjartet mitt,
ta godt vare på det,
før han forsvann i fokket.
Eg bar det forsiktig
ned frå fjellet og kan enno
kjenne sitringa frå kvart silkeaktige hår
i handflata mi. Kor det blei av
hjartet hans, veit eg ikkje,
men ofte tar eg på meg trugene
og strevar mot toppane
i det ytre landskapet mitt
for å få utsyn over verda mi
og leite etter han, forgjeves
men i det eg snur
for å gå ned att til kvardagen
kjenner eg redsla og smerten
skjera i hjartet hans
og eg får auge på dei digre spora
der dei fører fram til meg
i vinden og frosten,
men ikkje vidare.
På ei meditasjonsreise
i det indre landskapet mitt
fann eg sporet
etter den avskyelege snømannen
og følgde det til den høgaste toppen
og der, i snøskavlane, stod han,
einsam og lei seg.
Han grein ei tåre
av silkekvit pels,
rakte ho til meg
og sa: Dette
er hjartet mitt,
ta godt vare på det,
før han forsvann i fokket.
Eg bar det forsiktig
ned frå fjellet og kan enno
kjenne sitringa frå kvart silkeaktige hår
i handflata mi. Kor det blei av
hjartet hans, veit eg ikkje,
men ofte tar eg på meg trugene
og strevar mot toppane
i det ytre landskapet mitt
for å få utsyn over verda mi
og leite etter han, forgjeves
men i det eg snur
for å gå ned att til kvardagen
kjenner eg redsla og smerten
skjera i hjartet hans
og eg får auge på dei digre spora
der dei fører fram til meg
i vinden og frosten,
men ikkje vidare.
Sesongens første trugetur. Når jeg så sporet jeg laga, kom jeg til å tenke på et mentalt bilde jeg aldri glømmer fra en av meditasjonsreisene jeg opplevde da vi dreiv aktiv med sånne alternative sysler. Kanskje er det indre og det ytre landskapet mitt nært beslekta?
SvarSlett