(20. november: Annan fare II)
Nei, det er ikkje kjærleiken
dette dragsuget bak traileren
som dreg deg med i samme fart
eller slenger deg i grøfta
alltid i feil kjørebane
og ikkje havet eller terrenget
med toppar og svingar
som ikkje høver med kartet
men ein anna fare, varsla
av eit skilt med spissen motsett
av kjønnslivet sin trekant
og eit stumt utropsteikn
for døve ører:
Ver på vakt! Her ligg ein hund
gravlagt som brått spring
over vegen.
Nei, det er ikkje kjærleiken
dette dragsuget bak traileren
som dreg deg med i samme fart
eller slenger deg i grøfta
alltid i feil kjørebane
og ikkje havet eller terrenget
med toppar og svingar
som ikkje høver med kartet
men ein anna fare, varsla
av eit skilt med spissen motsett
av kjønnslivet sin trekant
og eit stumt utropsteikn
for døve ører:
Ver på vakt! Her ligg ein hund
gravlagt som brått spring
over vegen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar