(23. november: Starthjelp)
Batteriet ditt er flatt
igjen, du står for lenge stille
i periodar
og da tar du ikkje lading,
det er godt at eg
har fullada batteri
og startkablar av den gamle typen
utan overspenningsvern,
tar sjansen på
at noko finelektronikk brenn opp
berre eg får deg i gang att.
Men eg ber deg
bruk berre parklys
når du går
på tomgang.
Batteriet ditt er flatt
igjen, du står for lenge stille
i periodar
og da tar du ikkje lading,
det er godt at eg
har fullada batteri
og startkablar av den gamle typen
utan overspenningsvern,
tar sjansen på
at noko finelektronikk brenn opp
berre eg får deg i gang att.
Men eg ber deg
bruk berre parklys
når du går
på tomgang.
Kaldt i været og bruk av for mye lys. Og akkurat da er det at batteriet har en tendens til å være flatt. Vinteren er ei tøff tid for alle, sjukdom eller ikke.
SvarSlett