Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 21. november 2012

41

(21. november:  Verdsmeister)

Goethestatue i Wien


















Det eg ikkje veit
er verd å vite
men ikkje alt
eg veit.

Eg er ein Askeladd
som held meg langt unna
beinvegane og samlar på alt nytt og unyttig
eg finn langs omvegane og avvegane,
ja, til og med for enden
av blindvegane plukkar eg opp
noko verdilaust.

Eg er verdsmeister
i unyttig kunnskap og trass i alt
eg har lært om sjukdom
dei siste åra, kan eg ikkje helbrede
nokon, berre vera ein sakkyndig
bisittar, ein applauderande publikumar
som heiar på heimelaget
og buar på bortelaget

nøgd med organiseringa i forsvar
men ikkje med kontringsspelet,
ropar prisippielt SKYT
ved hjørnet av sekstenmeteren,
er skuffa over Rosenborg
som berre tok bronse i serien,
men hyllar Godset som tok sølv
på innsats og tæl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar