(17. november: Oppsummering)
Du krev meir av livet
enn dette, så no går du rundt
og leiter etter deg sjølv.
Du gadd ikkje plukke opp leikene
da leiken var slutt, men sprang vidare
til det neste
til du berre hadde rituala att
og leikekassa var tom.
Kjerret har vakse seg tett
og stiane har grodd att
sidan du var her sist og du klagar
over dei store tinga
du ikkje finn att, men når du leitar
finn du mange små amulettar
som du ikkje visste du hadde,
du plukkar opp lykketeikna og frydar deg
over å vera så mykje meir
enn du trudde du var.
Du krev meir av livet
enn dette, så no går du rundt
og leiter etter deg sjølv.
Du gadd ikkje plukke opp leikene
da leiken var slutt, men sprang vidare
til det neste
til du berre hadde rituala att
og leikekassa var tom.
Kjerret har vakse seg tett
og stiane har grodd att
sidan du var her sist og du klagar
over dei store tinga
du ikkje finn att, men når du leitar
finn du mange små amulettar
som du ikkje visste du hadde,
du plukkar opp lykketeikna og frydar deg
over å vera så mykje meir
enn du trudde du var.
Det er de små tinga som gjør livet magisk. Det merkelige er at du ikke oppdager det, før du virkelig er i beit for under. Se deg rundt, og de er der. For eksempel ligger det en engel og sover oppe på takåsen.
SvarSlett