(29. november: Berre eit kyss)
Du kyssa meg i nakken
tilfeldig
i det du gjekk forbi
og kysset rann
bortetter skuldrene og ut
i armane og prikka
i fingertuppane
sildra langs ryggraden
samla seg i eit reservoar
i lysken før det pipla
gjennom lår og legg
til eg var jorda
av kysset.
Eg sat lageleg til
for eit kyss
og no er eg overrisla
av deg.
tilfeldig
i det du gjekk forbi
og kysset rann
bortetter skuldrene og ut
i armane og prikka
i fingertuppane
sildra langs ryggraden
samla seg i eit reservoar
i lysken før det pipla
gjennom lår og legg
til eg var jorda
av kysset.
Eg sat lageleg til
for eit kyss
og no er eg overrisla
av deg.
Bare en sånn liten ting som kan bety så mye.
SvarSlett