(19. november: Overkill)
Inne i ho bur ein koloni
av tentakkeldyr, dei føler seg fram
i blinda med grådige sensorar
og skil ikkje mellom parasitt og vert,
mellom mordar og offer
dei strekker seg til alle hjørne
i tilveret og har ingen munn
som kan rope, ingen hjerne
som kan tenke, eller hjerte
som kan føle
tentakkeldyra lenkar seg saman
i lenkegjengar, bryt gjennom sperringane,
melder seg til teneste i framandlegionen
tømmer baren og rusar seg
på alle kroppsvæsker
tentakkeldyra drep du ikkje med øks
eller kniv eller gift eller stråler
men med alt på ein gong
dersom du har lykka med deg.
Inne i ho bur ein koloni
av tentakkeldyr, dei føler seg fram
i blinda med grådige sensorar
og skil ikkje mellom parasitt og vert,
mellom mordar og offer
dei strekker seg til alle hjørne
i tilveret og har ingen munn
som kan rope, ingen hjerne
som kan tenke, eller hjerte
som kan føle
tentakkeldyra lenkar seg saman
i lenkegjengar, bryt gjennom sperringane,
melder seg til teneste i framandlegionen
tømmer baren og rusar seg
på alle kroppsvæsker
tentakkeldyra drep du ikkje med øks
eller kniv eller gift eller stråler
men med alt på ein gong
dersom du har lykka med deg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar