Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





torsdag 15. november 2012

47

(15. november: Omskolert)


Opprinneleg spela eg i forsvar,
flink til å lesa spelet og skjera av
pasningar, men for veik
i duellane og blei flytta framover

på vingen, eg vart ein bakroms-
spelar, spesialist på å sjå
scoringssjansane og opne rommet
bak forsvaret dersom eg fekk den rette

pasninga noko eg sjeldan fekk
så no har eg omskolert meg
til ein driblefant, utfordrar alltid skjebnen
i ein-mot-ein situasjonar og spelar vegg

om eg gir ballen frå meg. Eg scorar
mange mål, det får så vera
at laget mitt tapar, dei har ikkje råd
tl å sette meg på benken, likevel.

1 kommentar:

  1. Det er sånn i livet at noen roller blir vi tildelt, noen tar vi sjøl.

    SvarSlett