(16. november: Menneskedyret)
I fullmånekvelden gjekk eg
på vegen gjennom kolonien
av hegrer, støkte dei opp
så dei flaug med håse skrik
mellom meg og månen,
dei lørvete vengene slo med seige slag
som silhuettar av fillete segl
i vinden frå sundet
slangehalsane og sverdnebba skreik
om redsla for meg og reiv
og flekka huda av meg i store flak
og eg såg den forvridde skyggen min
famle med kjempenevar og eg nøyt
uhygga og kjensla av ragget som grodde fram
på den nye huda og visste at eg
var det farlegaste dyret under fullmånen
før eg gjekk inn og tok skjegget.
I fullmånekvelden gjekk eg
på vegen gjennom kolonien
av hegrer, støkte dei opp
så dei flaug med håse skrik
mellom meg og månen,
dei lørvete vengene slo med seige slag
som silhuettar av fillete segl
i vinden frå sundet
slangehalsane og sverdnebba skreik
om redsla for meg og reiv
og flekka huda av meg i store flak
og eg såg den forvridde skyggen min
famle med kjempenevar og eg nøyt
uhygga og kjensla av ragget som grodde fram
på den nye huda og visste at eg
var det farlegaste dyret under fullmånen
før eg gjekk inn og tok skjegget.
I noen år var det hegrekoloni på begge sider av veien ned til hytta. Det var en merkelig følelse av uhygge og samhørighet når jeg stod midt i kolonien med skrikende hegresilhuetter mot fullmånen.
SvarSlett