(13. november: Flyttblokker)
Eg kjenner kvar stein
på dette fjellet. Dei
kjenner ikkje meg.
Eg rugar på løyndomar
og tunge tankar. Dei rugar
rett på berget, mange tonn
tunge. Flyttblokker, du,
dei har korkje evne til å flytte seg
eller bli liggande. Det er eg
som tar telling eller reiser meg
og går vidare. Sånn er det
med den saka.
Eg kjenner kvar stein
på dette fjellet. Dei
kjenner ikkje meg.
Eg rugar på løyndomar
og tunge tankar. Dei rugar
rett på berget, mange tonn
tunge. Flyttblokker, du,
dei har korkje evne til å flytte seg
eller bli liggande. Det er eg
som tar telling eller reiser meg
og går vidare. Sånn er det
med den saka.
Naturen bryr seg ikke. Ha det klart for dere: for naturen er vi bare organisk masse på avveie.
SvarSlett