(18. november: Middag for to)
Eg ryddar papir og PC
til sides for å få plass
til middag for to
vi treng ikkje heile bordet
lenger, berre eit innsmett.
I det siste
har Ventemannen ofte vori aleine
med maten sin mellom øktene,
har berre rydda seg
ein nødtørftig pause i røynda
av ord og bilder. Bordet
ser ikkje så einsamt ut, da
men bordplata er stor,
ved sjeldne høve ryddar eg ho heilt,
dreg ut klaffen
dekkar med duk og lys
berre for å tenke på dei
som sit ved borda andre stader
og er lykkeleg
over å kunne dekke på
til to.
Eg ryddar papir og PC
til sides for å få plass
til middag for to
vi treng ikkje heile bordet
lenger, berre eit innsmett.
I det siste
har Ventemannen ofte vori aleine
med maten sin mellom øktene,
har berre rydda seg
ein nødtørftig pause i røynda
av ord og bilder. Bordet
ser ikkje så einsamt ut, da
men bordplata er stor,
ved sjeldne høve ryddar eg ho heilt,
dreg ut klaffen
dekkar med duk og lys
berre for å tenke på dei
som sit ved borda andre stader
og er lykkeleg
over å kunne dekke på
til to.
Vi bestemte oss for å gjøre noe ekstra ut av middagen i dag. Nei, bildet er tatt tidligere, men det blir en forsmak på jula med pinnekjøtt. Jeg har opplevde mange ensomme middager i år. Derfor er det godt å kunne lage til noe som forhåpentligvis smaker oss begge to. Cellegift har ei titalt uberegnelig innvirkning på smaken.
SvarSlett