(12. juni: Saltrosehagen)
Når du har grått
er ei nesten usynleg
kvit rose
av salt
alt som er att
ho gror
på kinnet ditt
i ein naken hage
og du knuser
dei skjøre kronblada
med eit strøk
med fingeren
det er ingenting,
seier du, vil ikkje at andre
skal vite av
saltrosehagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar