(23. juni: Medusa & Lilith)
Ho er eit slange-
menneske,
ei omvendt Medusa
der ormebolet bit ho
i hovud og hold
og sprøytar gifta si
inn i blodårene,
i nervebanane, i tankane
for å drepa det
som ikkje har livets rett.
Ho er ei Lilith,
forvist til ørkenen
og slangane som kveilar seg
oppetter og syg gifta
ut av ho,
tømmer kjertlane,
angsten og draumane
for det som ikkje
har livets rett.
Ho er eit slange-
menneske,
det er det
som held ho i live.
Ho er eit slange-
menneske,
ei omvendt Medusa
der ormebolet bit ho
i hovud og hold
og sprøytar gifta si
inn i blodårene,
i nervebanane, i tankane
for å drepa det
som ikkje har livets rett.
Ho er ei Lilith,
forvist til ørkenen
og slangane som kveilar seg
oppetter og syg gifta
ut av ho,
tømmer kjertlane,
angsten og draumane
for det som ikkje
har livets rett.
Ho er eit slange-
menneske,
det er det
som held ho i live.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar