(7. juni: Sorga gneg med sløve tenner)
Det er holebuaren i meg
som søker innover i sjela,
bort frå rifter av vind
og sprekker av sol
og inn i mørkret
der berre sorga og vatnet
gneg på fjellet
med sløve tenner
så fortida sine forkalka knoklar
lagar ei beingrind
av stalagmittar
hit inn
søker holebuaren i meg
i ein lånt ham av bjørneskinn
for å få gnage i fred
på utgåtte gjerningar og sørge
over dei ugjorte,
men sjølv her inne
fresar tårene mot heitt fjell,
mot jorda sitt varme sinne
over slik ynkeleg forakt
for lyset.
Det er holebuaren i meg
som søker innover i sjela,
bort frå rifter av vind
og sprekker av sol
og inn i mørkret
der berre sorga og vatnet
gneg på fjellet
med sløve tenner
så fortida sine forkalka knoklar
lagar ei beingrind
av stalagmittar
hit inn
søker holebuaren i meg
i ein lånt ham av bjørneskinn
for å få gnage i fred
på utgåtte gjerningar og sørge
over dei ugjorte,
men sjølv her inne
fresar tårene mot heitt fjell,
mot jorda sitt varme sinne
over slik ynkeleg forakt
for lyset.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar