(13. juni: Uroleg natt)
Fjorden har hatt ei uroleg natt
sengetøyet er skrukkete
av sveitt søvn
og alle draumane
som klatra og kraup
inn av det opne vindauget
som eføyen på Gaustad
enno kliv
dei gamle, raude mursteinsveggane
ser eg frå korridoren
på lungeavdelinga på Riksen
der eg vandrar fram
og tilbake i den søvnen
som ikkje kjem
for gjerdet er borte
men mellom alle hola
i barndomen min
ser eg enno verkstaden
til bestefar,
skomakar Andersen,
der eg lærte
at det ikkje finnest grenser
mellom det gale
og det normale
berre kvardagsleg arbeid
og fantastiske fortellingar.
Fjorden har hatt ei uroleg natt
sengetøyet er skrukkete
av sveitt søvn
og alle draumane
som klatra og kraup
inn av det opne vindauget
som eføyen på Gaustad
enno kliv
dei gamle, raude mursteinsveggane
ser eg frå korridoren
på lungeavdelinga på Riksen
der eg vandrar fram
og tilbake i den søvnen
som ikkje kjem
for gjerdet er borte
men mellom alle hola
i barndomen min
ser eg enno verkstaden
til bestefar,
skomakar Andersen,
der eg lærte
at det ikkje finnest grenser
mellom det gale
og det normale
berre kvardagsleg arbeid
og fantastiske fortellingar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar