Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





søndag 3. juni 2012

212

(3. juni: Bifrost)

Norefjordbrua før Garnsurr i Nore skal slå til. Grå & kjedelig?
























Det begynner med ei maske:
skal du halde fast
på noko eller fange
noko nytt
må du slå ei løkke
og binde ein knute på tråden
frå A til Å og seie:
bi berre litt,
ta berre ein sveip til
rundt i dette livet,
i dette landskapet,
i denne kjærleiken
du kjenner så godt
og sjå deg om
ein gong til før du går vidare,
kanskje er det eigenleg her
du vil vera om du berre batt
ei maske til og knytte ho fast
til ein annan tråd
med ein annan farge
og batt dei saman til noko større
enn den enkle tråden
som renn så aleine
gjennom tilveret, kanskje
kan dei brukast
til noko, mangfaldet av masker,
fargar og trådar,
kanskje kan dei kle deg
og dei rundt deg og halde dykk varme,
kanskje kan dei berge kjærleiken
gjennom sju magre år og fimbulvintrar,
kanskje kan dei binde saman
vegen frå den eine til andre
sida av straumen
med fargespelet til Bifrost,
regnbuebrua.
Det begynner med ei maske
og ein knute på tråden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar