Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





søndag 10. juni 2012

205

(10. juni: As time goes by)
















Eg har venta
på mange båtar

venta og venta
til dei la til

lossa og lasta
og gjekk vidare.

eg venta ikkje på noka "vandrerska",
eg venta ikkje på noka havfrue

eg venta på ei trise frå Træna
som sprang i land for å kjøpe røyk

og vise seg fram for meg
mens ho bar all kåtskapen min

på dei korslaget armane
under nylonbarmen

og skjørtet, det svarte
skjørtet var så trangt

at eg såg trusestrikken,
trudde eg.

Ho vart borte, eg vart borte
med båten

og no kjem eg landevegen
tilbake, parkerer

på kaia og ser hurtigrutene møtest
så turistane får gå i land

og sjå på oss mens trisene
kikkar ut av panoramavindauga

og eg står her, den samme
som eg aldri har vori.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar