(15. juni: Kretsløpet)
Luktene er førarhundar
for den blinde,
pelskledde detektorar
som skiller mellom avvegar,
omvegar og beinvegar
avkledd alle vrengebilete
av røyndom
fører dei han gjennom visjonen,
det store kretsløpet
der luktene spring stafett
gjennom ild og vatn,
himmel og jord,
til ankermannen
bankar på døra di
kom inn, det er ope,
kviskrar du og støttar han inn
over dørstokken, målsnora
som orda aldri nådde fram til
fordi laget mista stafettpinnen
og braut
kom inn, her byrjar
det vesle kretsløpet,
det
som fører til hjertet.
Luktene er førarhundar
for den blinde,
pelskledde detektorar
som skiller mellom avvegar,
omvegar og beinvegar
avkledd alle vrengebilete
av røyndom
fører dei han gjennom visjonen,
det store kretsløpet
der luktene spring stafett
gjennom ild og vatn,
himmel og jord,
til ankermannen
bankar på døra di
kom inn, det er ope,
kviskrar du og støttar han inn
over dørstokken, målsnora
som orda aldri nådde fram til
fordi laget mista stafettpinnen
og braut
kom inn, her byrjar
det vesle kretsløpet,
det
som fører til hjertet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar